Under Stord Airshow blir det tilbod om å vera med på rundflyging med både veteranfly og helikopter.
Warbirds of Norway deltek med sin Max Holste Broussard, som har plass til 5 personar i tillegg til flygaren. Pris for ein tur på ca. 20 min er kr. 700,- pr. person.
Frå Helitrans kjem eit Airbus H-125 helikopter, som vil kunna ta med seg 6 personar på kvar tur. Dette kostar kr. 600,- pr. person, og turen tek ca. 10 minutt.
Rundflyginga finn stad i perioden 10:00 – 13:00 og eventuelt etter flyoppvisninga er avslutta rundt kl. 16:00.