Eit kjend fjes og ikkje minst ei kjend røyst for alle som har vitja lokale idrettsarrangement er RUNAR ØVREBØ. Han har mellom anna vore speaker for Sunnhordland Løpsfest, Flyplassmila, Handballfestivalen og Stordleikane. Laurdag 31. mai debuterer Runar som speaker på eit flystemne.
ROLF LILAND er ein av landets mest kunnskapsrike når det gjeld luftfart. Han har erfaring som flygar av F-16, MD-80, B737 og A320. På fritida har Rolf vore redaktør i Flynytt og president i Noregs Luftsportsforbund. Han har lang erfaring som speaker på mange av landets flyarrangement, og no er det endeleg Stord sin tur.