Med få dagar igjen til Stord Airshow, kom meldinga me håpa me ikkje sku få.
Flyvåpenets Historiske Skvadron har meddelt at dei dessverre ikkje får anledning til å delta med sin MiG-15 på Stord, grunna tekniske utfordringar som har oppstått med flyet.
Me ønsker likevel å presisere at dei to andre jagarflya, Vampire, begge kjem til Stord Airshow for å flyga oppvisning som planlagd.
I tillegg har Sola Flystasjon Flyklubb bekrefta at dei kun flyg oppvisning med eitt av sine to SAAB Safir treningsfly, då det andre flyet står på bakken for vedlikehaldsarbeid.