Propell- og jetfly i frå Haugaland Modellflyklubb.
Haugaland Modellklubb kjem til Stord Airshow for å vise fram modellfly med både propell og jetmotor.
Haugaland Modellklubb kjem til Stord Airshow for å vise fram modellfly med både propell og jetmotor.
Grunna langvarig reparasjon av flyet, har Bergen Aero Klubb signalisert at dei dessverre ikkje har anledning å delta på Stord Airshow med sin American Champion Super Decathlon. Me håper dei snart får flyet på vingene, og ser fram til å sjå dei på Sørstokken att ved ein seinare anledning.
Frå Sola Flystasjon Flyklubb kjem to fly av typen SAAB 91B Safir. Flya vart tidlegare nytta som treningsfly av luftforsvaret, og kjem til å flyga solo- og formasjonsoppvisning på Stord Airshow. Med dette er flyprogrammet mykje godt komplett.
Flyet som er operert av Norwegian Spitfire Foundation er kjend for sin karakteristiske lyd, og flyg sjølvsagt oppvisning under Stord Airshow.
Frå Voss kjem den erfarne akroflygaren Håkon Fosso og hans dobbeldekker Christen Eagle. Både fly og flygar har deltatt fleire gonger på Sørstokken tidlegare, og kan love ei spektakulær oppvisning òg under Stord Airshow 2018.