Fallskjermhopping startar flyoppvisinga.

Årets oppvisingsprogram sparkast i gong av Bergen Fallskjermklubb som kjem til Stord Airshow med eit par hopparar, samt deira trufaste Cessna 182, kjend som «Malvin». Flyet har plass til totalt 4 hopparar samt ein flygar. I tillegg kan me annonsera eit nytt innslag til den statiske utstillinga, då Skyfalk vil stilla ut ein SAAB Safir som tidlegare har tenestegjort i både det Norske og Svenske luftforsvaret. For meir informasjon, sjå «Deltakarar».

Grunna den tragiske ulukka utanfor Os tysdag 1. april, kjem ikkje Bergen Aero Klubb til å delta på Stord Airshow med Super Decathlon, slik det tidlegare vart annonsert. Våre tankar går til Bergen Aero Klubb og dei etterlatte til dei to som omkom i ulukka.

Dakota Norway kjem til Stord Airshow

Dakota Norway kjem til å driva rundflyging under årets flystemne med deira flotte DC-3. Dette blir fyrste høve på 15 år til å sitte på med veteranflyet under eit arrangement på Stord. Meir informasjon om Dakotaen og prisar for rundflyging finn du under «Deltakarar» øvst på sida. I tillegg har me eit nytt innslag til den statiske utstillinga, der Os Aero Klubb stiller med sin Piper Super Cub, som til dagleg vert nytta som slepefly for seilfly. Flytypen var eit vanleg syn på Sørstokken, spesielt dei første åra etter flyplassen opna.

El-fly og veteranfly til Stord Airshow.

Denne veka kan me annonsera eit nytt innslag til flyprogrammet. Noregs Luftsportsforbund kjem til Stord med deira El-fly av typen Pipistrel Velis Electro. Dermed vil det for fyrste gong bli flyoppvising med eit heilelektrisk fly på lufthamna. Det vil og etter planen vera råd for eit par personar å kjøpa seg ein rundtur med El-flyet. Les meir under «Deltakarar». I tillegg er eit nytt fly bekrefta til statisk utstilling, då Skyfalk stiller med ein Piper Cub frå 1968, måla i fargane til det Belgiske Luftforsvaret.

DAT stiller ut ope fly.

DAT kjem til å stilla ut sitt ATR-42 rutefly, som dei til vanleg nyttar på ruta mellom Stord og Oslo. Flyet har 48 seter og vil etter planen vera ope for publikum under arrangementet. DAT er flyselskapet som har stått for flest ruteflygingar på Stord i lufthamnas 40-årige historie. Selskapet har til sommaren operert Osloruta samanhengande i 15 år.

Møt Speakerteamet.

Eit kjend fjes og ikkje minst ei kjend røyst for alle som har vitja lokale idrettsarrangement er RUNAR ØVREBØ. Han har mellom anna vore speaker for Sunnhordland Løpsfest, Flyplassmila, Handballfestivalen og Stordleikane. Laurdag 31. mai debuterer Runar som speaker på eit flystemne.     ROLF LILAND er ein av landets mest kunnskapsrike når det gjeld luftfart. Han har erfaring som flygar av F-16, MD-80, B737 og A320. På fritida har Rolf vore redaktør i Flynytt og president i Noregs Luftsportsforbund. Han har lang erfaring som speaker på mange av landets flyarrangement, og no er det endeleg Stord sin tur.

Forsvaret og Politiet siktar seg inn på Stord.

Luftforsvaret har varsla intensjon om å delta med det toppmoderne jagarflyet F-35 på Stord Airshow 2025, gitt at det ikkje blir hindra av operative eller vêrrelaterte årsaker.     Dette blir fyrste gong F-35 viser seg fram for publikum på Stord, og fyrste gong Luftforsvaret tar del i flyprogrammet på Stord med eit jagarfly, sidan 1991.       Politiets Helikopterteneste har og planar om å koma til Stord Airshow for fyrste gong. Igjen med atterhald om endringar grunna operative eller vêrrelaterte årsaker.   Politiet ønsker å stilla ut eitt av sine moderne Leonardo AW169 helikopter på statisk utstilling.

YAK-50 i lufta – Mikrofly på bakken.

Frå Bergen kjem den erfarne flygaren Håvard Dale med sin Yakolev YAK-50, eit fly som passer utmerka til flyakrobatikk. Håvard har deltatt fleire ganger tidlegare på Stord og vil nok også denne gang imponera mange på bakken med sine spreke manøvre i denne flotte maskinen.     I tillegg kan me annonsera første innslag til den statiske utstillinga på bakken under flystemnet. Stord Flyklubb stiller sjølvsagt ut sine ulike mikrofly, fleire av dei av typen Aeroprakt, importert frå fabrikken i Ukraina. Flyklubben har faktisk eksistert lenger enn lufthamna, då dei starta med sjøfly seint på 1960-talet.