Nok ein godbit er bekrefta til Stord Airshow, denne gong eit klassisk Bell UH-1 helikopter.
Helikopteret er best kjend for å ha tenestegjort i Vietnamkrigen. Pilot Stig Bakke kjem til å flyge oppvisning, samt ha helikopteret på statisk utstilling under arrangementet.
Håvard Dale kjem til Stord Airshow med landets einaste YAK-50.
Flyet er kjend som ein solid maskin innan luftsport og aerobatikk, og kjem til å fly oppvisning under arrangementet.
Russian Warbirds of Norway deltar på Stord Airshow med sin Aero L-29 Delfin jet.
Flyet vart nytta som treningsfly i det Sovjetiske luftforsvaret, og har deltatt fleire gonger ved arrangement på Sørstokken. Under årets airshow blir det nok ein gong flyoppvisning.
Haugaland Seilflyklubb kjem med ein motorglidar av typen Super Diamon.
Haugaland Seilflyklubb bekrefter at dei kjem til Stord Airshow med ein motorglidar av typen Super Diamona. Flyet kjem til å stå på statisk utstilling under arrangementet.
Bergen Aero Klubb kjem med sin akro-trainer av typen American Champion Super Decathlon.
Bergen Aero Klubb kjem med sin akro-trainer av typen American Champion Super Decathlon. Flyet nyttast til trening i samband med akroflyging, og kjem til å gjennomføre flyoppvisning på Stord Airshow.