Videoteaser for Stord Airshow!
Stord Airshow er berre nokre veker unna. Benytt ventetida til å kome i flystemning med denne videoteaseren om noko av kva du kan vente deg 10. juni på Sørstokken:
Stord Airshow er berre nokre veker unna. Benytt ventetida til å kome i flystemning med denne videoteaseren om noko av kva du kan vente deg 10. juni på Sørstokken:
Laurdag 10. juni inviterer Stord lufthamn publikum til Stord Airshow 2023. Program for dagen er framleis under planlegging, men me kan lova flyoppvisning, utstilling av fly og helikopter på bakken, rundflygingar, og andre aktiviteter på bakken. Det vert og sal av kioskvarer. Meir informasjon og billettar til arrangementet kjem snart. Deltakarane til flyprogram og statisk utstilling vil bli annonsert kvar fredag fram mot Stord Airshow 10. juni.
Frå Sola Flystasjon Flyklubb kjem to fly av typen SAAB 91B Safir. Flya vart tidlegare nytta som treningsfly av luftforsvaret, og kjem til å flyga solo- og formasjonsoppvisning på Stord Airshow. Med dette er flyprogrammet mykje godt komplett.
Flyet som er operert av Norwegian Spitfire Foundation er kjend for sin karakteristiske lyd, og flyg sjølvsagt oppvisning under Stord Airshow.
Frå Voss kjem den erfarne akroflygaren Håkon Fosso og hans dobbeldekker Christen Eagle. Både fly og flygar har deltatt fleire gonger på Sørstokken tidlegare, og kan love ei spektakulær oppvisning òg under Stord Airshow 2018.
Swedish Air Force Historic Flight (SwAFHF) kjem til Stord med sitt spektakulære SAAB J37 Viggen jagarfly. Flyet har tidlegare operert i det svenske flyvåpen, og kjem til å stå på statisk utstilling i tillegg til å fly oppvisning på Stord Airshow. Med sin etterbrennar (afterburner), blir dette truleg det råaste og mest bråkete innslaget som nokon gong har blitt vist fram på Stord. I tillegg til Viggen, kjem SwAFHF med ein Cessna Citation jet, som supportfly til statisk utstilling.