
For ein dag!
Me vil takke alle dei 2700 som møtte opp på Stord lufthamn, i tillegg til deltakarar, frivillige, sponsorar, tilsette – kort sagt alle som bidrog til at Stord Airshow 2025 vart ein kjempesuksess! Me er klar over at det til tross for ekstra bussar og frekvens vart utfordringar med transport til og frå fjernparkeringa, og vil spesielt rette ei stor takk til alle som viste tålmodighet sjølv om det vart kø og venting. Filmar og høgdepunkt frå oppvisingane og arrangementet generelt vil bli delt på vår YouTube side i vekene framover, frå og med mandag.

Årets flyprogram er klart.
Flyprogrammet til tidenes flystemne på Stord er klart! Du finn meir informasjon om dei ulike innslaga under «Deltakarar» øvst på sida. Billettar til Stord Airshow kjøper du på sida «Billettar». (Kjøp på nett, så blir det billegare enn å betale ved ankomst.)

Kan det friste med ein suvenir?
I år kan du for fyrste gong sikra deg ein offisiell suvenir frå Stord Airshow! Byrået på Heiane har levert caps, t-skjorter og patch i anledning årets flystemne. Desse er alle svarte, med kvit/gult trykk. Caps og patch er brodert. Merchandise kan kjøpast i kiosken som du finn i hangaren der DAT flyet er utstilt, lengst inne på området. Begrensa opplag, så ikkje vent for lenge om du vil sikra deg eit minne frå arrangementet.

Ny Piper Cub til statisk utstilling.
Flesland Flystasjon Flyklubb har intensjon om å delta med sin Piper Super Cub på statisk utstilling under Stord Airshow. Flyet har tidlegare tenestegjort i Luftforsvaret og deltok sist på Stord Airshow i 2023. Os Aero Klubb har for øvrig meddelt at dei ikkje lenger har anledning å koma med deira Piper Cub, men det er likevel venta minst to slike fly til utstillinga på laurdag.

Informasjon om Parkering
Kjem du med bil til Stord Airshow? Då ber me deg sette deg inn i informasjonen knytt til parkering under «Praktisk Info» som du finn øvst på sida. Kort fortald blir det parkering på lufthamna, før ein tar i bruk fjernparkering med gratis shuttlebuss. Det er satt inn ekstra bussar i år, men me ber likevel publikum om å vera innstilt på noko venting, spesielt ved slutten på arrangementet. Les meir under «Praktisk Info».

SK60 gjer comeback til flyprogrammet!
Og for eit comeback. Med berre ei veke igjen til Stord Airshow, kjem altså gladmeldinga frå Swedish Air Force Historic Flight om at dei no har intensjon om å sende eit anna SAAB SK-60 jetfly til Stord, med same pilot som tidlegare annonsert. Planen er å gjennomføra ei flyoppvising, men grunna flybyte vil det bli noko tilpassa, og utan røykeffektar. Me er uansett kjempenøgd med svenskane sine intensjonar, og ser fram til å oppleva SK-60 på Stord for fyrste gong!

Pyroteknisk innslag under Stord Airshow
Går alt etter planen vil dei to veteran-jagarflya MiG-15 og Vampire avslutta Stord Airshow sitt flyprogram på spektakulært vis. Oppvisinga vil, om vêr og vind spelar på lag, innehalde eit kort innslag av pyrotekniske effektar, som del av ein iscenesett luftoperasjon. Det er selskapet ProPyro som står for eksplosjonane. Dei har tidlegare samarbeida med mellom anna Kygo og Tysnesfest. Under Stord Airshow leverer dei smell og mindre eksplosjonar, medan Flyvåpenets Historiske Skvadron sine jagarfly er i lufta. Så ta hensyn til høyrsel og inntrykk, spesielt med tanke på dei yngste. Speaker vil informere om det pyrotekniske innslaget i forkant.

Oppdatering SAAB Viggen
Frå Sverige har me fått ei ny oppdatering om deira innslag med SAAB Viggen. Dei kjem no med ein-seters modellen AJS-37 (sjå bilete), då den kamuflasjefarga SK-37 modellen er hindra av tekniske årsaker. Så for å presisera; det blir oppvising med Viggen som planlagt. Det er derimot ikkje lenger venta at Viggen vil overfly rullebanen etter avgang når arrangementet er slutt, slik det tidlegare vart opplyst.

Vinn introduksjonstime med instruktør i sporstfly!
Vil du lære å fly? Stord flyklubb ønsker seg nye sportsflypiloter! Skriv deg på interesselisten deres under Stord Airshow 2025, og bli med i trekningen av fine premier – blant annet en introduksjonstime med instruktør i Aeroprakt A32. Dette teller som din aller første flytime! (Denne innlegget er i regi av Stord Flyklubb.)

La hunden bli heime
Det er fleire ting som er forbode å ta med inn på område under flystemnet. Mellom anna gjeld dette kjæledyr. For meir informasjon, sjå bilete til venstre, og Praktisk Info øvst på sida.

Oppdatering om Politihelikopter
Grunna operative årsaker har Politiets Helikopterteneste informert oss om at dei dessverre ikkje har høve til å delta på Stord Airshow som planlagd.

Informasjon til besøkande pilotar
Det er innført PPR for alle besøkande luftfartøy inn til Stord lufthamn laurdag 31. mai. (MyPPR vert ikkje nytta denne dagen) *** Ta kontakt innan 30. mai for tildeling av slot: E-post: LTT@stordlufthamn.no *** Flygarar som ikkje har førehandsavtale om PPR-slot innan 30. mai risikerer å bli bli avvist. *** GA-trafikk må ankomma lufthamna tidleg (innan kl.10:00 lokal tid) av hensyn til parkering. *** Alle flygarar oppfordres til å levera flightplan både inn og ut av lufthamna. *** Forvent forseinkingar ved avgang, då det er mange som skal ut att etter arrangementet.

Safari og Spirit til Stord for fyrste gong
Luftforsvarets Flygeskule bekrefter at dei planlegg å delta på Stord Airshow med eit treningsfly av typen SAAB MFI-15 Safari. Flyet nyttast til opplæring av militære pilotar og er til vanleg stasjonert ved Bardufoss Flystasjon. Laurdag 31. mai kjem flytypen for fyrste gong til Stord for å visa seg fram i lufta for publikum. Heile vegen frå Tsjekkia kjem to sportsfly som vil ta del i den statiske utstillinga på bakken. Begge flya er av typen Ellipse Spirit og kjem i regi av flyprodusenten Ellipse Aero sine representantar, mellom anna selskapets testflygar, som vil promotera flya under Stord Airshow.

Underhaldning for dei minste
Under Stord Airshow blir det underhaldning for dei yngste på bakken. Sjølvaste BRANNBAMSEN BJØRNIS kjem kl. 11:30 og det blir anledning å helse på han for alle som vil. Dessutan kan me tilby gratis HOPPESLOTT! I år har me to hoppeslott som vil vera opne under heile arrangementet. Desse er levert av Fitjar Kraftlag og Johannesen Entrepenør AS.

Pass på hørselen
Det blir mykje støy under eit flystemne, og enkelte av flya som er venta til Stord Airshow produserer eit lyd- nivå som kan vera skadeleg for hørselen. Me oppfordrer difor alle om å passa godt på øyrene. Me vil dela ut gratis øyreproppar så langt lageret rekk, og det vil og bli sal av øyreklokker for born til kr. 100,- Desse kan kjøpast i kioskane våre. Har du eige hørselsvern, anbefalar me at du tar det med.

Vampire og Bergen Aero Klubb til Stord Airshow
Flyvåpenets Historiske Skvadron kjem til å fly oppvising med ein DeHavilland Vampire under Stord Airshow. Flyet har vitja lufthamna fleire gonger tidlegare i samband med slike arrangement. Frå før deltek den historiske skvadronen og med ein MiG-15. Bergen Aero Klubb har bekrefta at dei ønsker å visa fram ei oppvising med ein innleigd Super Decathlon. Flyet nyttast til aerobatisk trening og tilhøyrer Sameiet Super Decathlon ved Trondheim lufthamn – Værnes.

Safir og Storch til Stord Airshow.
Frå Stavanger lufthamn – Sola kjem til saman tre fly som alle vil ta del i flyprogrammet under Stord Airshow 2025. Først ut har me to SAAB Safir frå Sola Flystasjon Flyklubb, som vil flyga oppvising i formasjon. Flytypen vart nytta som treningsfly for Luftforsvaret i perioden 1956-1988. I tillegg kjem flygar Leidulf Heskje til Stord med sin historiske Fieseler Storch. Flyet vart nytta av tyske Luftwaffe under andre verdskrig, og kjem altså til Stord for fyrste gong laurdag 31. mai.

Modellfly varmer opp til flyprogrammet.
Fly kjem i mange storleikar, og blant desse finn ein modellfly i ulik skala. Under Stord Airshow vil både Bergen Modellflyklubb og Haugaland Modellklubb visa fram fleire av sine modellar, både på bakken og i lufta. Eit av høgdepunkta blir etter planen ein BAe Hawk turbinmodell i 1:4 skala (bilete) som vil driva flyoppvising. Flytypen nyttast av fleire oppvisingsteam, mellom anna britiske Red Arrows. Modellen som kjem til Stord Airshow er nærare 3 meter i lengde, og har ei vekt på nesten 20kg.

Redningshelikopter frå Luftforsvaret.
Luftforsvarets 330 skvadron planlegg å fly ein demonstrasjon med eitt av sine AW101 redningshelikopter under Stord Airshow. Helikoptertypen, som i Noreg har fått tilnamnet “SAR Queen”, vart fasa inn i teneste i 2020, og har no erstatta Sea King helikopterene. AW101 er produsert av Leonardo i England og Italia, og totalt 16 slike helikopter er i teneste ved 330 skvadronen. Deltakinga under Stord Airshow kjem med atterhald om endring grunna operative eller vêrrelaterte årsaker.

Bjørnis kjem til Stord Airshow!
Det er ikkje berre i lufta det blir action under Stord Airshow 2025. Det blir og underhaldning for dei yngste på bakken. Sjølvaste Brannbamsen Bjørnis kjem til Sørstokken og det blir anledning å helse på han for alle som vil. Bjørnis er tidenes største satsing på brannførebyggande kommunikasjon med born som hovudmålgruppe. Prosjektet bygger på tanken om at brannvernopplæring for born er ein av grunnpilarane i brannførebyggande arbeid.

Oppdatering om F-35 innslag.
I dag kom beskjeden frå Luftforsvaret om at dei dessverre ikkje har anledning å delta med F-35 under Stord Airshow 2025 likevel. Dette skuldast manglande tilgjengelegheit på både mannskap og fly.

Vinn billettar med DAT.
Visste du at alle som kjøpar billett til Stord Airshow før 30. mai, er med i trekkinga av to gratisbillettar med DAT mellom Stord og Oslo (v.v.)? Vinnaren vil bli annonsert av speaker under arrangementet laurdag 31. mai. Du kan bestilla billett til Stord Airshow ved å klikka på «Billettar» øvst på sida.

Bli med Dakota på rundflyging!
Annonseringane til flyprogrammet tar fri denne veka, men me har fleire godbitar på lur etter påske! Før me tar påskeferie, minner me om denne unike anledninga til å vera med på rundflyging i ein ekte warbird under Stord Airshow! Billettar til Stord Airshow finn du under «Billettar».

Fallskjermhopping startar flyoppvisinga.
Årets oppvisingsprogram sparkast i gong av Bergen Fallskjermklubb som kjem til Stord Airshow med eit par hopparar, samt deira trufaste Cessna 182, kjend som «Malvin». Flyet har plass til totalt 4 hopparar samt ein flygar. I tillegg kan me annonsera eit nytt innslag til den statiske utstillinga, då Skyfalk vil stilla ut ein SAAB Safir som tidlegare har tenestegjort i både det Norske og Svenske luftforsvaret. For meir informasjon, sjå «Deltakarar».

Billettar er no i sal!
Billettar til Stord Airshow 2025 er no i sal. For kjøp, prisoversikt og anna informasjon, sjå «Billettar».

Grunna den tragiske ulukka utanfor Os tysdag 1. april, kjem ikkje Bergen Aero Klubb til å delta på Stord Airshow med Super Decathlon, slik det tidlegare vart annonsert. Våre tankar går til Bergen Aero Klubb og dei etterlatte til dei to som omkom i ulukka.

Dakota Norway kjem til Stord Airshow
Dakota Norway kjem til å driva rundflyging under årets flystemne med deira flotte DC-3. Dette blir fyrste høve på 15 år til å sitte på med veteranflyet under eit arrangement på Stord. Meir informasjon om Dakotaen og prisar for rundflyging finn du under «Deltakarar» øvst på sida. I tillegg har me eit nytt innslag til den statiske utstillinga, der Os Aero Klubb stiller med sin Piper Super Cub, som til dagleg vert nytta som slepefly for seilfly. Flytypen var eit vanleg syn på Sørstokken, spesielt dei første åra etter flyplassen opna.

El-fly og veteranfly til Stord Airshow.
Denne veka kan me annonsera eit nytt innslag til flyprogrammet. Noregs Luftsportsforbund kjem til Stord med deira El-fly av typen Pipistrel Velis Electro. Dermed vil det for fyrste gong bli flyoppvising med eit heilelektrisk fly på lufthamna. Det vil og etter planen vera råd for eit par personar å kjøpa seg ein rundtur med El-flyet. Les meir under «Deltakarar». I tillegg er eit nytt fly bekrefta til statisk utstilling, då Skyfalk stiller med ein Piper Cub frå 1968, måla i fargane til det Belgiske Luftforsvaret.

DAT stiller ut ope fly.
DAT kjem til å stilla ut sitt ATR-42 rutefly, som dei til vanleg nyttar på ruta mellom Stord og Oslo. Flyet har 48 seter og vil etter planen vera ope for publikum under arrangementet. DAT er flyselskapet som har stått for flest ruteflygingar på Stord i lufthamnas 40-årige historie. Selskapet har til sommaren operert Osloruta samanhengande i 15 år.

Møt Speakerteamet.
Eit kjend fjes og ikkje minst ei kjend røyst for alle som har vitja lokale idrettsarrangement er RUNAR ØVREBØ. Han har mellom anna vore speaker for Sunnhordland Løpsfest, Flyplassmila, Handballfestivalen og Stordleikane. Laurdag 31. mai debuterer Runar som speaker på eit flystemne. ROLF LILAND er ein av landets mest kunnskapsrike når det gjeld luftfart. Han har erfaring som flygar av F-16, MD-80, B737 og A320. På fritida har Rolf vore redaktør i Flynytt og president i Noregs Luftsportsforbund. Han har lang erfaring som speaker på mange av landets flyarrangement, og no er det endeleg Stord sin tur.

Forsvaret og Politiet siktar seg inn på Stord.
Luftforsvaret har varsla intensjon om å delta med det toppmoderne jagarflyet F-35 på Stord Airshow 2025, gitt at det ikkje blir hindra av operative eller vêrrelaterte årsaker. Dette blir fyrste gong F-35 viser seg fram for publikum på Stord, og fyrste gong Luftforsvaret tar del i flyprogrammet på Stord med eit jagarfly, sidan 1991. Politiets Helikopterteneste har og planar om å koma til Stord Airshow for fyrste gong. Igjen med atterhald om endringar grunna operative eller vêrrelaterte årsaker. Politiet ønsker å stilla ut eitt av sine moderne Leonardo AW169 helikopter på statisk utstilling.

YAK-50 i lufta – Mikrofly på bakken.
Frå Bergen kjem den erfarne flygaren Håvard Dale med sin Yakolev YAK-50, eit fly som passer utmerka til flyakrobatikk. Håvard har deltatt fleire ganger tidlegare på Stord og vil nok også denne gang imponera mange på bakken med sine spreke manøvre i denne flotte maskinen. I tillegg kan me annonsera første innslag til den statiske utstillinga på bakken under flystemnet. Stord Flyklubb stiller sjølvsagt ut sine ulike mikrofly, fleire av dei av typen Aeroprakt, importert frå fabrikken i Ukraina. Flyklubben har faktisk eksistert lenger enn lufthamna, då dei starta med sjøfly seint på 1960-talet.

Veteran-jagarfly kjem til Stord Airshow.
Frå Flyvåpenets Historiske Skvadron på Rygge kjem eit klassisk jagarfly av typen MiG-15. Flytypen vart bygd av Sovjetunionen under den kalde krigen. Då ein Nord Koreansk flygar valde å flykta frå landet med ein MiG-15, flaug han til Sør-Korea der amerikanarane overtok flyet, og kledde det i sine eigne fargar. Flyet frå Rygge har difor US Air Force merker, og kjem til å flyga oppvisning på Stord for fyrste gong 31. mai. Det kan nemnast at flyet er lagt ut for sal, og at dette difor kan vere fyrste og siste høve til å oppleva ein MiG på Sørstokken.

Sponsor Alert.
Me kan sette saman ein høveleg pakke for alle som ønsker å sponsa Stord Airshow 2025. Det er berre å ta kontakt med oss.

Dei første deltakarane til flyprogrammet er på plass!
Frå Sverige kjem to pensjonerte fly som tidlegare har tenestegjort i det Svenske Flyvåpenet; Jagarflyet SAAB Viggen og skuleflyet SAAB SK-60. Begge er operert av Swedish Air Force Historic Flight. Viggen deltok sist på Stord Airshow i 2018, medan det blir fyrste gong lufthamna får oppleva den prisvinnande oppvisinga med SK-60. Meir informasjon om dei to flya finn du under «Deltakarar».

Dato for Stord Airshow 2025 er klar
Laurdag 31. mai inviterer Stord lufthamn publikum til Stord Airshow 2025, i anledning lufthamna sitt 40-års jubileum. Program for dagen er framleis under arbeid, men me kan lova spektakulære flyoppvisingar, utstilling av fly og helikopter på bakken, rundflygingar, og andre aktivitetar. Det vert og sal av kioskvarer. Meir informasjon og billettar til arrangementet kjem snart. Deltakarar til flyprogram og statisk utstilling vil bli annonsert fram mot Stord Airshow 31. mai. Årets logo henter inspirasjon frå tidlegare innslag under flystemne på Stord. Ein Bücher Jungmann og F-16, som sist tok del i flyprogrammet i henholdsvis 1999 og 1991.