El-fly og veteranfly til Stord Airshow.

Denne veka kan me annonsera eit nytt innslag til flyprogrammet. Noregs Luftsportsforbund kjem til Stord med deira El-fly av typen Pipistrel Velis Electro. Dermed vil det for fyrste gong bli flyoppvising med eit heilelektrisk fly på lufthamna. Det vil og etter planen vera råd for eit par personar å kjøpa seg ein rundtur med El-flyet. Les meir under «Deltakarar».       I tillegg er eit nytt fly bekrefta til statisk utstilling, då Skyfalk stiller med ein Piper Cub frå 1968, måla i fargane til det Belgiske Luftforsvaret.

Bergen Aero Klubb og DAT bekrefta.

Bergen Aero Klubb nyttar ofte Stord lufthamn til treningsflyging, og laurdag 31. mai kjem dei til Stord Airshow for å flyga oppvising med ein American Champion Super Decathlon 8KCAB.   I tillegg kan me annonsera eit nytt innslag på bakken, der DAT kjem til å stilla ut sitt ATR-42 rutefly, som dei til vanleg nyttar på ruta mellom Stord og Oslo. Flyet har 48 seter og vil etter planen vera ope for publikum under arrangementet. DAT er flyselskapet som har stått for flest ruteflygingar på Stord i lufthamnas 40-årige historie. Selskapet har til sommaren operert Osloruta samanhengande i 15 år.

Møt Speakerteamet.

Eit kjend fjes og ikkje minst ei kjend røyst for alle som har vitja lokale idrettsarrangement er RUNAR ØVREBØ. Han har mellom anna vore speaker for Sunnhordland Løpsfest, Flyplassmila, Handballfestivalen og Stordleikane. Laurdag 31. mai debuterer Runar som speaker på eit flystemne.     ROLF LILAND er ein av landets mest kunnskapsrike når det gjeld luftfart. Han har erfaring som flygar av F-16, MD-80, B737 og A320. På fritida har Rolf vore redaktør i Flynytt og president i Noregs Luftsportsforbund. Han har lang erfaring som speaker på mange av landets flyarrangement, og no er det endeleg Stord sin tur.

Forsvaret og Politiet siktar seg inn på Stord.

Luftforsvaret har varsla intensjon om å delta med det toppmoderne jagarflyet F-35 på Stord Airshow 2025, gitt at det ikkje blir hindra av operative eller vêrrelaterte årsaker.     Dette blir fyrste gong F-35 viser seg fram for publikum på Stord, og fyrste gong Luftforsvaret tar del i flyprogrammet på Stord med eit jagarfly, sidan 1991.       Politiets Helikopterteneste har og planar om å koma til Stord Airshow for fyrste gong. Igjen med atterhald om endringar grunna operative eller vêrrelaterte årsaker.   Politiet ønsker å stilla ut eitt av sine moderne Leonardo AW169 helikopter på statisk utstilling.

YAK-50 i lufta – Mikrofly på bakken.

Frå Bergen kjem den erfarne flygaren Håvard Dale med sin Yakolev YAK-50, eit fly som passer utmerka til flyakrobatikk. Håvard har deltatt fleire ganger tidlegare på Stord og vil nok også denne gang imponera mange på bakken med sine spreke manøvre i denne flotte maskinen.     I tillegg kan me annonsera første innslag til den statiske utstillinga på bakken under flystemnet. Stord Flyklubb stiller sjølvsagt ut sine ulike mikrofly, fleire av dei av typen Aeroprakt, importert frå fabrikken i Ukraina. Flyklubben har faktisk eksistert lenger enn lufthamna, då dei starta med sjøfly seint på 1960-talet.

Veteran-jagarfly kjem til Stord Airshow.

Frå Flyvåpenets Historiske Skvadron på Rygge kjem eit klassisk jagarfly av typen MiG-15. Flytypen vart bygd av Sovjetunionen under den kalde krigen. Då ein Nord Koreansk flygar valde å flykta frå landet med ein MiG-15, flaug han til Sør-Korea der amerikanarane overtok flyet, og kledde det i sine eigne fargar. Flyet frå Rygge har difor US Air Force merker, og kjem til å flyga oppvisning på Stord for fyrste gong 31. mai. Det kan nemnast at flyet er lagt ut for sal, og at dette difor kan vere fyrste og siste høve til å oppleva ein MiG på Sørstokken.

Sponsor Alert.

Me kan sette saman ein høveleg pakke for alle som ønsker å sponsa Stord Airshow 2025. Det er berre å ta kontakt med oss.

Dei første deltakarane til flyprogrammet er på plass!

Frå Sverige kjem to pensjonerte fly som tidlegare har tenestegjort i det Svenske Flyvåpenet; Jagarflyet SAAB Viggen og skuleflyet SAAB SK-60. Begge er operert av Swedish Air Force Historic Flight. Viggen deltok sist på Stord Airshow i 2018, medan det blir fyrste gong lufthamna får oppleva den prisvinnande oppvisinga med SK-60. Meir informasjon om dei to flya finn du under «Deltakarar».

Dato for Stord Airshow 2025 er klar

Laurdag 31. mai inviterer Stord lufthamn publikum til Stord Airshow 2025, i anledning lufthamna sitt 40-års jubileum. Program for dagen er framleis under arbeid, men me kan lova spektakulære flyoppvisingar, utstilling av fly og helikopter på bakken, rundflygingar, og andre aktivitetar. Det vert og sal av kioskvarer. Meir informasjon og billettar til arrangementet kjem snart. Deltakarar til flyprogram og statisk utstilling vil bli annonsert fram mot Stord Airshow 31. mai.   Årets logo henter inspirasjon frå tidlegare innslag under flystemne på Stord. Ein Bücher Jungmann og F-16, som sist tok del i flyprogrammet i henholdsvis 1999 og 1991.